lørdag 13. februar 2010

Utbytte av nettstader??

Eg las i Utdanning i dag (s12, nr 12/2010) at elevar har tvilsomt læringsutbytte av å bruke nettstadane forlaga har til lærebøkene sine, og at kvaliteten på nettstadane er varierande.

Anne Kristine Solberg Runestad frå HVE har skrive ei masteroppgåve der ho konkluderer med påstanden over, samt at personane bak nettstadane har mangelfull kompetanse. Anten har dei kompetanse på nettløysingar, og ikkje barn si læring, eller så er det omvendt.

Det vert ikkje referert mykje frå masteroppgåva, men den slår og fast at mykje av interaktiviteten er prega av leik og spel med kunnskapen eleven alt har.

Min første reaksjon var at dette er vel ikkje noko å skrive om, det er vel akkurat det vi har tenkt og sett heile tida? Men no er det altså ei masteroppgåve som slår dette fast, og det er eigentleg greit å få stadfesta det ein sjølv har erfart;-)

Personleg har eg brukt læreverka sine nettstader lite, fordi eg synes dei gir lite. Variasjon i undervisninga er bra, men ikkje øvingar på data berre fordi det er moderne.

Eg har lyst å gje nokre døme på øvingar for å illustrere. Døma er henta frå nettstaden til læreverket vårt, Signatur. Litt urettferdig å ta nokre døme ut frå ein samanheng kanskje, men eg gjer det likevel.

Frå signatur 1, om noveller

http://signatur.samlaget.no/utfylloppgave.cfm?id=51-156-2&oppgaveid=166&mpid=846


... og signatur 2, om å skrive gode tekstar, sakprosaanalyse.

http://signatur.samlaget.no/faktakobling.cfm?id=78-315-2&faktaid=720&mpid=1748&vid=14


Kva meiner du? Kva lærer elevane her?

Så får dei neste vekene syne då, om eg klarer å finne noko som er bra??? Kan røpe så mykje alt no at det har eg alt gjort;-)


Jill

2 kommentarer:

  1. Bra innlegg Jill. Så den samme eg og. Enig i at alt ikkje alt er bra på nettstedene til læreverkene. Du gjør meg nysgjerrig på det du har funne? :)

    SvarSlett
  2. Eg hugsar eg var på Aschehoug sin presentasjon av Signatur og andre nye læreverk i samband med Kunnskapsløftet. Det var ikkje måte på kor dei hadde satsa på digitale læremiddel, bl.a dei oppgåvene du nemner i innlegget ditt. Stor var derfor undringa då eg såg kva det eigentleg gjekk ut på. Holtekstar som var ein kopi frå læreboka, og dra-og-slepp-oppgåver (som det teknisk mest avanserte)er ikkje så mykje å by 16-17-åringar som gjerne er vande med å spele WoW og liknande spel.

    Eg brukte oppgåvene litt det første året, men har seinar kutta dei heilt ut. Elevane tok dei ikkje alvorleg, og kikka i fasiten eller prøvde/feila til det gjekk bra. Læringsutbyte var det nok skrøpeleg med.

    Eg brukte ndla. no ein del fjor. Der er nok oppgåvene meir varierte og ein kan handplukke litt her og der. Sidan eg har studiepermisjon i år, her eg ikkjen heilt oppdatert på korleis det står til der no. Men det ser ut til at dei har ein del spennande på gang.

    SvarSlett