tirsdag 23. februar 2010

Tips om lærarbloggar

Som norsklærar har eg ei tid fulgt nokre bloggar av andre norsklærarar. Eg har enno ikkje funne nokon blogg av norsklærar som underviser på yrkesfag slik eg gjer, men likevel synes eg det er interessant å lese. Mange av tema og problemstillingane er like uavhengig av kva studieprogram ein underviser på.

Personleg får eg inspirasjon, tips og mykje ny lærdom ved å lese andre sine bloggar. Fagleg oppdatering får vi få tilbud om gjennom arbeidsgivar, men ved å lese fagbloggar føler eg at eg likevel får med meg noko av utviklinga som skjer i faget.

Kort om nokre av bloggane eg les.

Marita Aksnes har ein av dei bloggane eg med jamne mellomrom les. Ho er engasjert i norskfaget og skriv om undervisningsopplegg i eigne klassar, men tek og opp generelle tema innanfor faget. Vel verdt å ta eit besøk på bloggen hennar!

Ingunn Kjøll Wiig har ein annan blogg eg les med interesse. Ho er ein av initiativtakarane til nettstaden del&bruk og skriv om skule og digital kompetanse.

Ein ny blogg eg nett har oppdaga er denne. Eit av dei siste innlegga på bloggen handlar om vurdering og vurderingskriterium. Denne skal eg bruke når eg sjølv skal til med å lage vurderingskriterium til sjangrane i norskfaget.

Les du andre bloggar? Nokre du trur eg vil ha interesse av?

4 kommentarer:

  1. Vert så imponert kor flink du er til å engasjere deg i "nyvinningar". Utruleg inspirerande med slike kollega! Håpar min kvardag kan verte meir prega av slike syslar om ikkje altfor lang tid.

    SvarSlett
  2. Takk for gode tips. margreta.wordpress.com er ein blogg som eg også har slumpa borti. Her er det mykje interessant å finne. I min eigen blogg har eg tenkt i å ta utgangspunkt i nokre av innlegga der. Var du på kurs på Sunnfjord Hotell då Arne Olav Nygard heldt foredrag?? Eg har googla namnet hans og fått mange treff til mykje spennande og rart, bl.a var det eit slikt søk som leia meg fram til margreta.wordpress.com

    SvarSlett
  3. Sidan i går har eg jobba ein del med oppgåva, og soleis vore innom fleire ulike bloggar som har med norskfaget å gjere. Når det gjeld vurdering ser det ut til at Henning Fjørtoft er eit sentralt namn. Bloggen hans finn du her: http://bestpraksis.blogspot.com/.

    Eg har også funne to andre bloggar som ser ut til å ha mykje som kan vere av interesse: Desse er:
    http://leifh.blogspot.com/

    http://junebre.blogspot.com/

    I tillegg er det Arne Olav Nygard sin blogg. Adressen hans finn du ved å lese innlegg 2 på min eigen blogg ;-)

    SvarSlett
  4. Takk for tipsa Stig ;-) Leif Harboe har eg lese, men dei andre var ukjende for meg. Skal leggje dei til på netvibes-sida mi;-)

    SvarSlett