torsdag 25. februar 2010

Blogg som del av norskundervisninga


Sit og planlegg timane mellom vinterferien og påskeferien, og tenkte eg skulle utfordre elevane i å skrive blogg. Eg lufta tanken så vidt for dei før ferien, men då var stemninga laber: dei skulle i alle fall ikkje skrive nokon blogg om "dagens outfit"!

Det skal dei sleppe :-) Men dei må derimot skrive om dialog i media, samt skrive eit debattinnlegg. Tenkte eg. Men så tenkjer eg at eg vil spørje dåke fyrst, om kva de trur om opplegget mitt, slik det ser ut no??

Har du forslag til forbetring?

Tenkte alle skulle skrive i same bloggen, trur du det vert rotete?

Arbeid med kapittel 4 " Å gå i dialog med andre" s. 56 – 76 i læreboka

Tidsramme: 3 veker. Heimearbeid må ein rekne med J

Arbeidskrav: Alle skal skrive minst 3 blogginnlegg i ein klasseblogg eg opprettar for dette arbeidet. I tillegg skal alle gi minst 1 sakleg kommentar til kvar av dei andre i klassa sine blogginnlegg.

Eit av innlegga skal vere eit debattinnlegg, sjå side 62 i læreboka.

Eit anna innlegg skal ta for seg eit av media papiraviser, nettaviser, blogg, fjernsyn eller radio. Der skal du presentere kort fakta om mediet (td kort historie, tal/type brukarar) og så skal du skrive på kva måte forbrukarane får høve til å uttrykkje meiningane sine og kva påverknadskraft du meiner ein kan ha innanfor dette mediet, sjå s. 68-72 i læreboka.

Eit innlegg skal utgangspunkt i noko du har sett/lese/erfart gjennom din bruk av eit massemedium siste veka.

Fint om de legg inn bilete eller videoar som passar til temaet, men det er ikkje noko absolutt krav.

Vurdering: Eg vurderer blogginnlegga dykkar og kommentarane de har gitt andre på sine innlegg med ein karakter som tel på skriftlegkarakteren i faget. Eg vil og vurdere arbeidsprosessen undervegs, den vil telje på munnlegkarakteren slik som anna timeaktivitet i faget.


Meir om klassebloggen
Eg opprettar ein blogg som alle i klassen får tilgang til. Eg treng ei e-post av kvar av dykk, vil bruke adressene de står oppført med i Fronter dersom ikkje vi avtalar anna. De treng ikkje stå fram med fullt namn, men eg må få vite kva namn de publiserer under slik at eg kan vurdere arbeidet. Bloggen vert sletta etter arbeidet er ferdig og vurdert, seinast ved skuleslutt.

Før de byrjar å skrive kan det vere lurt å lese nokre blogginnlegg.

voe, blogg om mote

blogg om fotball

reiseblogg

kjendisblogg, tone damli




10 kommentarer:

  1. Spennende at du vil gjøre deg erfaringer med blogging i norskfaget. Det blir fint å få høre om dine erfaringer med dette. Jeg lurer på om elevene er godt nok kjent med fagblogging, eller om de vet mest om typen kjendis/sminke/se-meg blogging? I så fall kan det gjerne være fruktbart for elevene å få erfare hva andre har gjort der. I min leiting etter interessant blogging og bruk av netvibes, har jeg merket meg Sandvika videregående skole sin netvibe http://www.netvibes.com/sandvikavgs, der de har samlet mange elevblogger blant annet.Videre har Ingunn Kjøl Wiig som har startet Del&bruk(og jobber på Sandvika vgs) sin blogg http://tanketraader-ingunn.blogspot.com en del bra stoff for oss lærere.
    Stå på Jill, blir interessant å følge deg.:)

    SvarSlett
  2. Takk for tips om vurdering.
    Eg trur at faggruppene må arbeide med dette og at vi må setje av tid. Det blir gjort mykje godt arbeid med av mange no - slik at vi kanskje kan få bruke dei erfaringane andre har gjort seg.Vonar at vi kan få eit felles utgangpunkt på lærarstemne i Sogndal.

    Eg fekk heller ikkje til å leggje inn hyperkoplingar - har sett Magne på saka :)

    26. februar 2010 01.09

    SvarSlett
  3. Eg synast dette verkar som ein kjempeide!

    Mitt tips er at du nok møter litt motstand i starten, men at dette nok blir veldig spanande etterkvart som dei får det inn i fingrane :)

    Berre eit spm: kor mange timar får dei jobbe med dette på skulen, og kor mange er dei i klassa?

    Eg trur ikkje det blir rotete i ein blogg, og synast det er viktig at dei ikkje treng bruke namn.

    Trur du her gjev dei ei nyttig utfordring til vidare læring!



    Gleda meg til å lese!

    Guro

    SvarSlett
  4. No har Magne levert. Han brukte ein av sine mange konsulentar (Alf) og han fann fram ein HTML kode som kan brukast til å få lenkjer inn i kommentarane også. Her er dømet med Vurderingskriterium som du tipsa meg om:Vurderingskriterium

    SvarSlett
  5. Skal prøve å forklare framgangsmåten.
    1. Kopier inn HTML koden som Magne sende på e-post.
    2. Der det står "url" kopierer du inn adressa.
    3. Der det står Link text skriv du i staden inn namnet til lenkja (Vurdering) feks.

    Dette funker, men er litt tungvindt

    SvarSlett
  6. Dette opplegget ser veldig bra ut! Verkar gjennomtenkt og du har vore klår når det gjeld kva som skal vurderast. Lurer likevel på om det kan vere litt omfattande til 6 timar? Kor mykje vil du legge opp til at dei skal jobbe heime? Eit blogginnlegg pr dobbeltime? Enno er eg svært usikker på kva som bør dokumenterast og for kor lenge. Desse bloggane bør vel ikkje slettast før tidlegast etter klagefristen har gått ut?

    Imponert over din stå-på-iver! Vil gjerne høyre kva erfaringar du haustar ut frå dette opplegget.

    SvarSlett
  7. Yes, det gjekk denne gongen å leggje inn kommnetar. Av og til skjønar eg slett ikkje teknikken....

    SvarSlett
  8. Takk for tilbakemeldingar! Eg skal legge til døme på skulebloggar, bør heilt klart vere med Torun :-)

    Det er 10 elevar i begge klassane, og eg tenkte eit innlegg kvar time. Kommentarar må dei i hovudsak skrive heime, men kan jo gjere det i timane og om dei er effektive.

    Klage på karakter er ikkje akt sidan det er 2.terminkar, men eg hadde ikkje tenkt på problemstillinga uansett, veldig grei tilbakemelding til seinare Gørild!

    Er kanskje litt mykje arbeid i fht tidsramma, skal sjå på det og. Vil at alle elevane skal skrive ein kommentar til alle, slik at alle får, og så er det jo kjekt å lese kommentarar ein har fått ;-)

    SvarSlett
  9. Dette var meget fin undervisningsmetode Jill! Du har virkelig gitt meg motivasjon og inspirasjon til å gå dypare i blogg verda.

    Dette var 1337!

    -WhiteDragon out!

    SvarSlett
  10. Omg så Fantasisk ispirerande.
    eg meiner, lol, så bra oppsett.
    Formuleringa var bra og eg ser fram til blogginga.
    Jill ftw!

    -BlackDragon out!

    SvarSlett