onsdag 10. februar 2010

Blogg, eit medium for meg?

Hei!
Som student på "Ikt for lærarar" er tida no kommen for å prøve bloggverktøyet. Eg har tidlegare berre erfaring med blogg som passiv og anonym lesar. No skal eg sjølv skrive innlegg i eigen blogg, og kommentere andre sine innlegg. Det er spennande, men og skummelt. Tankane mine vert varige når eg publiserer slik tenkjer eg. Det eg tenkjer idag er kanskje gløymt i morgon;-)

Dei fyrste innlegga vil verte prega av at eg er i startfasen og vil prøve meg fram med ulike funksjonar. Med tida vert bloggen kanskje ein stad med velformulerte tankar og kloke ord? Det er viktig med store visjonar, er det ikkje;-) Tja, vi får no sjå ;-)

Jill

Vi har jo forresten jobba litt tidlegare på studiet og, dette er 1.arbeidskravet på denne modulen.

2 kommentarer:

  1. Det er bra vi er fleire som er i startfasen, så kan vi dra nytte av kvarandre:)

    SvarSlett
  2. No prøvar eg legge inn ein kommentar. Viss du ser denne har eg fått det til.....

    SvarSlett