mandag 12. april 2010

Erfaringar med blogg i undervisninga

Hei igjen ;-)

Når vi no i siste arbeidskravet planlegg eit undervisningsopplegg med sosiale medium i undervisninga, har eg av fleire årsaker valt å ta utgangspunkt i det opplegget eg planla og gjennomførde før påske. Alt i alt var det ei positiv oppleving å bruke blogg i undervisninga, men opplegget er ikkje betre enn at det kan/bør endrast før ein tek det i bruk igjen.

Eg ynskjer å dele nokre av erfaringane mine med dåke, og samstundes høyre om det er nokon som har kommentarar, innvendingar, spørsmål eller forslag til forbetringar på opplegget mitt. Sjå tidlegare innlegg "Blogg som del av norskundervisninga"

Fyrste timen i fyrste klassen opplevde eg at elevane brukte størsteparten av tida på å opprette profilar, med kallenamn, bilete og chatkontakter. Eg hadde på førehand sagt til elevane mine at eg ynskte at dei publiserte med føre- eller etternamn,men at det ikkje var noko krav så lenge eg visste kven som var kven. Elevane hadde mykje moro med å finne namn og bilete som ikkje var reelle, og eg synes det tok for mykje tid og fokus. Eg stramma derfor inn kravet om publiseringsnamn til klassa etter.

Meiner du ein kan kreve at elevar publiserer med føre- eller etternamn på ein skuleblogg? Kjenner du regelverket her?

Elles opplevde eg ein positiv effekt på den måten at elevane las innlegga til medelevane og var svært ivrige i å skrive kommentarar på andre sine innlegg. Elevane synes og det var kjekt å få respons på innlegga sine frå medelevar. Lettast var det nok å kommentere på debattinnlegga og innlegga der dei skreiv om noko dei hadde sett/lese/erfart gjennom sin bruk av media siste tida.

Eg tenkjer eg burde utbytta denne delen av arbeidet betre, anten i form av vurdering av elevkommentarar eller type innlegg elevane skreiv. Under munnlege tekstar i læreplanen i norsk står det at elevane skal gi og få respons. Kan blogg gå inn under dette? Har du nokon tips til innlegg/tekstar elevane kan skrive der det er naturleg at medelevar gir respons?

Eg ser føre meg at det er lettast i korte innlegg, men har byrja tenkje på om dette kan vere ein metode i prosessorientert skriving der elevane kan nytte blogg for å få hjelp til å finne moment i td drøftingsoppgåver. Trur du det kunne fungert? Eg tenkjer då ikkje at elevane skal srive heile oppgåva som blogginnlegg, men meir presentere oppgåva og stikkord/ moment vedkommande ser på som aktuelle, og så bruke bloggen som hjelpemiddel til å finne fleire moment/ nyanseringar.

For nokre elevar kan det vere vanskeleg å publisere tekstane sine slik at alle kan lese dei. Eg opplevde at fleire elevar ville at eg skulle lese gjennom og gje tilbakemelding før innlegg vart publisert. Det opplevde eg som positivt og noko som gav auka læring hos dei elevane. Andre elevar brydde seg ikkje i det heile om td rettskriving, eller innhald i tekstane sine, og nokre elevar valte å sende innlegga til meg på epost, og ikkje publisere på bloggen. Andre elevar kom seint i gong og brukte tida si dårleg. Kor mykje skal ein styre desse i forhold til tidsbruk?

Har du erfaring med/ tips til arbeid med samansette tekstar der elevane ikkje så tydeleg synleggjer eige skrivedugleikar for alle, men der det samstundes er kjekt for medelevane å sjå resultatet? Eg tenkjer at arbeid med skjønnlitterære tekstar og programmet GoAnimate kanskje kan vere eit tema som passar å publisere i ein blogg.

Dette er nokre av erfaringane og spørsmåla eg sit att med etter arbeidet med blogg i undervisninga. Veldig kjekt om du gir tilbakemelding før eg no går i gong med å drøfte undervisningsopplegget.

Kanskje du og har tips til teori eg burde ha lest?

mandag 15. mars 2010

Arbeidskrav 2, modul 3

Offentleg netvibes-side

Kommentarar til innlegg av gruppemedlemmane:
Stig
Torun
Gørild

lørdag 13. mars 2010

Tips til samansette tekstar i norsk

Læreplanen i norsk har fått auka fokus på samansette tekstar etter Kunnskapsløftet. Eg, og elevane, synes samansette tekstar er kjekt å jobbe med, men eg synes det krev ein del arbeid å finne gode tekstar som elevane likar, samstundes som dei kan brukast til å setje fokus på eit norskfagleg tema.

I arbeidet med noveller synes eg det er fint å jobbe med tekstar som og er filmatiserte, men eg har ikkje funne mange tekstar i både tekst og filmversjon.

I haust fekk eg tips om at novella Att døda er barn av Stig Dagermann ligg på YouTube. Alexander Skarsgård er regissør og Stellan Skarsgård er forteljar.

Slik eg kjenner teksten og filmen les forteljarstemma novella frå byrjing til slutt slik den står i originalteksten.


Elles vil eg tipse om dvd-en Kort006 som er ei samling norske kortfilmar produsert i 2006. Eg har brukt mest filmane Den danske dikteren ( ca 15 min) og Sniffer (ca 10 min). Dei tek begge i bruk fleire verkemiddel ein kan diskutere med elevane, i tillegg til at dei har tema og bodskap som er tydelege og ein lett kan få ein diskusjon/ samtale om i klasserommet.

onsdag 3. mars 2010

Er du god i norsk?

Rettskrivingsquiz

Men ikkje så kjedeleg som det kan høyres ut ;-) Eg utfordra elevane mine i ein time, det var populært! Prøv deg du og!

Rapporter gjerne poengsummen tilbake ;-)

torsdag 25. februar 2010

Blogg som del av norskundervisninga


Sit og planlegg timane mellom vinterferien og påskeferien, og tenkte eg skulle utfordre elevane i å skrive blogg. Eg lufta tanken så vidt for dei før ferien, men då var stemninga laber: dei skulle i alle fall ikkje skrive nokon blogg om "dagens outfit"!

Det skal dei sleppe :-) Men dei må derimot skrive om dialog i media, samt skrive eit debattinnlegg. Tenkte eg. Men så tenkjer eg at eg vil spørje dåke fyrst, om kva de trur om opplegget mitt, slik det ser ut no??

Har du forslag til forbetring?

Tenkte alle skulle skrive i same bloggen, trur du det vert rotete?

Arbeid med kapittel 4 " Å gå i dialog med andre" s. 56 – 76 i læreboka

Tidsramme: 3 veker. Heimearbeid må ein rekne med J

Arbeidskrav: Alle skal skrive minst 3 blogginnlegg i ein klasseblogg eg opprettar for dette arbeidet. I tillegg skal alle gi minst 1 sakleg kommentar til kvar av dei andre i klassa sine blogginnlegg.

Eit av innlegga skal vere eit debattinnlegg, sjå side 62 i læreboka.

Eit anna innlegg skal ta for seg eit av media papiraviser, nettaviser, blogg, fjernsyn eller radio. Der skal du presentere kort fakta om mediet (td kort historie, tal/type brukarar) og så skal du skrive på kva måte forbrukarane får høve til å uttrykkje meiningane sine og kva påverknadskraft du meiner ein kan ha innanfor dette mediet, sjå s. 68-72 i læreboka.

Eit innlegg skal utgangspunkt i noko du har sett/lese/erfart gjennom din bruk av eit massemedium siste veka.

Fint om de legg inn bilete eller videoar som passar til temaet, men det er ikkje noko absolutt krav.

Vurdering: Eg vurderer blogginnlegga dykkar og kommentarane de har gitt andre på sine innlegg med ein karakter som tel på skriftlegkarakteren i faget. Eg vil og vurdere arbeidsprosessen undervegs, den vil telje på munnlegkarakteren slik som anna timeaktivitet i faget.


Meir om klassebloggen
Eg opprettar ein blogg som alle i klassen får tilgang til. Eg treng ei e-post av kvar av dykk, vil bruke adressene de står oppført med i Fronter dersom ikkje vi avtalar anna. De treng ikkje stå fram med fullt namn, men eg må få vite kva namn de publiserer under slik at eg kan vurdere arbeidet. Bloggen vert sletta etter arbeidet er ferdig og vurdert, seinast ved skuleslutt.

Før de byrjar å skrive kan det vere lurt å lese nokre blogginnlegg.

voe, blogg om mote

blogg om fotball

reiseblogg

kjendisblogg, tone damli




tirsdag 23. februar 2010

Tips om lærarbloggar

Som norsklærar har eg ei tid fulgt nokre bloggar av andre norsklærarar. Eg har enno ikkje funne nokon blogg av norsklærar som underviser på yrkesfag slik eg gjer, men likevel synes eg det er interessant å lese. Mange av tema og problemstillingane er like uavhengig av kva studieprogram ein underviser på.

Personleg får eg inspirasjon, tips og mykje ny lærdom ved å lese andre sine bloggar. Fagleg oppdatering får vi få tilbud om gjennom arbeidsgivar, men ved å lese fagbloggar føler eg at eg likevel får med meg noko av utviklinga som skjer i faget.

Kort om nokre av bloggane eg les.

Marita Aksnes har ein av dei bloggane eg med jamne mellomrom les. Ho er engasjert i norskfaget og skriv om undervisningsopplegg i eigne klassar, men tek og opp generelle tema innanfor faget. Vel verdt å ta eit besøk på bloggen hennar!

Ingunn Kjøll Wiig har ein annan blogg eg les med interesse. Ho er ein av initiativtakarane til nettstaden del&bruk og skriv om skule og digital kompetanse.

Ein ny blogg eg nett har oppdaga er denne. Eit av dei siste innlegga på bloggen handlar om vurdering og vurderingskriterium. Denne skal eg bruke når eg sjølv skal til med å lage vurderingskriterium til sjangrane i norskfaget.

Les du andre bloggar? Nokre du trur eg vil ha interesse av?

onsdag 17. februar 2010

Chatroulette -ein møteplass for elevane våre?

Då eg kom til undervisning i ein VG2 klasse tysdag var alle elevane i klassa samla rundt ein elevpc. Ikkje noko nytt ved det, men då dei såg meg var alle raskt på veg vekk frå pcen mot plassane sine. Då stussa eg. Det var som om dei ikkje ville at eg skulle sjå kva dei såg på.

Kva er det de driv med?? spurde eg. Eg fekk ikkje noko svar, men eg oppfatta ordet Chatroulette. Elevane var komne tilbake på plassane sine, eleven som hadde pcen dei var samla rundt var iferd med å pakke saman for å gå frå klasserommet sidan han har fritak i norsk. Det var ikkje grunn for å ta meir tak i situasjonen då, men eg tenkte eg måtte gjere nokre undersøkingar i etterkant;-)

Det har eg no gjort. No veit eg kva side elevane var inne på. Men eg veit ikkje kva elevane såg på. Det vil eg nok aldri få vite.

Chatroulette er ein sosial møteplass der ein alle brukarane er synlege ved videobilete. Ved å trykke ok vil ein møte ein annan brukar, live gjennom webkamera. Ved å trykke next vil ein gå vidare til ein ny brukar.

Eg har sjølv ikkje vore inne på sida. Og etter å ha lese denne artikkelen frå dagbladet.no er eg temmeleg sikker på at dette ikkje er ein møteplass for meg.

Eg er derimot meir usikker på kva elevane våre tenkjer...

Kva trur du?