onsdag 17. februar 2010

Chatroulette -ein møteplass for elevane våre?

Då eg kom til undervisning i ein VG2 klasse tysdag var alle elevane i klassa samla rundt ein elevpc. Ikkje noko nytt ved det, men då dei såg meg var alle raskt på veg vekk frå pcen mot plassane sine. Då stussa eg. Det var som om dei ikkje ville at eg skulle sjå kva dei såg på.

Kva er det de driv med?? spurde eg. Eg fekk ikkje noko svar, men eg oppfatta ordet Chatroulette. Elevane var komne tilbake på plassane sine, eleven som hadde pcen dei var samla rundt var iferd med å pakke saman for å gå frå klasserommet sidan han har fritak i norsk. Det var ikkje grunn for å ta meir tak i situasjonen då, men eg tenkte eg måtte gjere nokre undersøkingar i etterkant;-)

Det har eg no gjort. No veit eg kva side elevane var inne på. Men eg veit ikkje kva elevane såg på. Det vil eg nok aldri få vite.

Chatroulette er ein sosial møteplass der ein alle brukarane er synlege ved videobilete. Ved å trykke ok vil ein møte ein annan brukar, live gjennom webkamera. Ved å trykke next vil ein gå vidare til ein ny brukar.

Eg har sjølv ikkje vore inne på sida. Og etter å ha lese denne artikkelen frå dagbladet.no er eg temmeleg sikker på at dette ikkje er ein møteplass for meg.

Eg er derimot meir usikker på kva elevane våre tenkjer...

Kva trur du?

4 kommentarer:

  1. Las blogginnlegget ditt og klikka meg og vidare på linken til artikkelen. Dette er verkeleg skremmande! Eg er usikker på i kva grad elevane reflekterar over kva dei eigentleg er med på, og om dei er klar over kva følgjer dette kan få vidare? Det ligg vel noko informasjon i at dei ikkje ville at læraren skulle ”oppdage” det? So noko har dei nok tenkt rundt dette.

    Det er mange aspekt ved historia som kunne vore tatt opp, blant anna det moglege gruppepresset som lett kan råde når elevar flokkar seg rundt ein PC…

    Det står i artikkelen at ein er anonym på denne nettstaden, men at klipp likevel kan hamne på youtube. Heilt sentralt for ungdomane å få med seg!

    Kjekk blogg og viktig innlegg!!

    SvarSlett
  2. Er tilbøyelig til å være enig med det som dagbladjournalisten sier.Dette er ikke egentlig mye fristende for voksne, men en kan se for seg at ungdommene er der allerede, om ikke annet så av nysgjerrighet. En må bare håpe at de vet noe om at de bli lagt ut på youtube bare ved å være inn for å kikke.

    Jeg begynner å se nytteverdien av denne måten å blogge på Jill, bra!

    SvarSlett
  3. Flott blogg du har og interessant innlegg Jill:-)

    Eg hadde ikkje høyrt om Chatroulette heller før eg leste blogginnlegget ditt og undersøkte litt nermare. Kanskje eg er begynnt å dra på åra, men eg syns konseptet var litt "skremmande". Og kan med sikkerheit sei at dette er ikkje noko eg vil bruke tida mi på.

    Tenkjer at mange unge kan vere frista til å gå inn her av rein nysgjerrighet. Håpar ein tenkjer konsekvensar over kva ein kan "møte" på her.
    Det er ein relativ enkel og open nettstad, der ein kan chatte med heilt vilkårlige personar over eit webcamera. Vil ein ikkje chatte meir med vedkommande, er det berre å trykke neste og ein ny dukkar opp. Og her kan ein møte på alle typar folk.

    Legg ved ein artikkel frå nrkbeta.no.

    SvarSlett
  4. Takk for innspel, og for link til artikkel Kari-Ann. Ser at det går att at dei som har prøvd chattesida alle advarar born mot å prøve sidene, og at det er mange med tvilsomme motiv som ser dette som ein arena for å eksponere seg. Eg trur heller ikkje at elevane reflekterer over kva dei er med på ved å delta på denne sida.

    SvarSlett