torsdag 25. februar 2010

Blogg som del av norskundervisninga


Sit og planlegg timane mellom vinterferien og påskeferien, og tenkte eg skulle utfordre elevane i å skrive blogg. Eg lufta tanken så vidt for dei før ferien, men då var stemninga laber: dei skulle i alle fall ikkje skrive nokon blogg om "dagens outfit"!

Det skal dei sleppe :-) Men dei må derimot skrive om dialog i media, samt skrive eit debattinnlegg. Tenkte eg. Men så tenkjer eg at eg vil spørje dåke fyrst, om kva de trur om opplegget mitt, slik det ser ut no??

Har du forslag til forbetring?

Tenkte alle skulle skrive i same bloggen, trur du det vert rotete?

Arbeid med kapittel 4 " Å gå i dialog med andre" s. 56 – 76 i læreboka

Tidsramme: 3 veker. Heimearbeid må ein rekne med J

Arbeidskrav: Alle skal skrive minst 3 blogginnlegg i ein klasseblogg eg opprettar for dette arbeidet. I tillegg skal alle gi minst 1 sakleg kommentar til kvar av dei andre i klassa sine blogginnlegg.

Eit av innlegga skal vere eit debattinnlegg, sjå side 62 i læreboka.

Eit anna innlegg skal ta for seg eit av media papiraviser, nettaviser, blogg, fjernsyn eller radio. Der skal du presentere kort fakta om mediet (td kort historie, tal/type brukarar) og så skal du skrive på kva måte forbrukarane får høve til å uttrykkje meiningane sine og kva påverknadskraft du meiner ein kan ha innanfor dette mediet, sjå s. 68-72 i læreboka.

Eit innlegg skal utgangspunkt i noko du har sett/lese/erfart gjennom din bruk av eit massemedium siste veka.

Fint om de legg inn bilete eller videoar som passar til temaet, men det er ikkje noko absolutt krav.

Vurdering: Eg vurderer blogginnlegga dykkar og kommentarane de har gitt andre på sine innlegg med ein karakter som tel på skriftlegkarakteren i faget. Eg vil og vurdere arbeidsprosessen undervegs, den vil telje på munnlegkarakteren slik som anna timeaktivitet i faget.


Meir om klassebloggen
Eg opprettar ein blogg som alle i klassen får tilgang til. Eg treng ei e-post av kvar av dykk, vil bruke adressene de står oppført med i Fronter dersom ikkje vi avtalar anna. De treng ikkje stå fram med fullt namn, men eg må få vite kva namn de publiserer under slik at eg kan vurdere arbeidet. Bloggen vert sletta etter arbeidet er ferdig og vurdert, seinast ved skuleslutt.

Før de byrjar å skrive kan det vere lurt å lese nokre blogginnlegg.

voe, blogg om mote

blogg om fotball

reiseblogg

kjendisblogg, tone damli




tirsdag 23. februar 2010

Tips om lærarbloggar

Som norsklærar har eg ei tid fulgt nokre bloggar av andre norsklærarar. Eg har enno ikkje funne nokon blogg av norsklærar som underviser på yrkesfag slik eg gjer, men likevel synes eg det er interessant å lese. Mange av tema og problemstillingane er like uavhengig av kva studieprogram ein underviser på.

Personleg får eg inspirasjon, tips og mykje ny lærdom ved å lese andre sine bloggar. Fagleg oppdatering får vi få tilbud om gjennom arbeidsgivar, men ved å lese fagbloggar føler eg at eg likevel får med meg noko av utviklinga som skjer i faget.

Kort om nokre av bloggane eg les.

Marita Aksnes har ein av dei bloggane eg med jamne mellomrom les. Ho er engasjert i norskfaget og skriv om undervisningsopplegg i eigne klassar, men tek og opp generelle tema innanfor faget. Vel verdt å ta eit besøk på bloggen hennar!

Ingunn Kjøll Wiig har ein annan blogg eg les med interesse. Ho er ein av initiativtakarane til nettstaden del&bruk og skriv om skule og digital kompetanse.

Ein ny blogg eg nett har oppdaga er denne. Eit av dei siste innlegga på bloggen handlar om vurdering og vurderingskriterium. Denne skal eg bruke når eg sjølv skal til med å lage vurderingskriterium til sjangrane i norskfaget.

Les du andre bloggar? Nokre du trur eg vil ha interesse av?

onsdag 17. februar 2010

Chatroulette -ein møteplass for elevane våre?

Då eg kom til undervisning i ein VG2 klasse tysdag var alle elevane i klassa samla rundt ein elevpc. Ikkje noko nytt ved det, men då dei såg meg var alle raskt på veg vekk frå pcen mot plassane sine. Då stussa eg. Det var som om dei ikkje ville at eg skulle sjå kva dei såg på.

Kva er det de driv med?? spurde eg. Eg fekk ikkje noko svar, men eg oppfatta ordet Chatroulette. Elevane var komne tilbake på plassane sine, eleven som hadde pcen dei var samla rundt var iferd med å pakke saman for å gå frå klasserommet sidan han har fritak i norsk. Det var ikkje grunn for å ta meir tak i situasjonen då, men eg tenkte eg måtte gjere nokre undersøkingar i etterkant;-)

Det har eg no gjort. No veit eg kva side elevane var inne på. Men eg veit ikkje kva elevane såg på. Det vil eg nok aldri få vite.

Chatroulette er ein sosial møteplass der ein alle brukarane er synlege ved videobilete. Ved å trykke ok vil ein møte ein annan brukar, live gjennom webkamera. Ved å trykke next vil ein gå vidare til ein ny brukar.

Eg har sjølv ikkje vore inne på sida. Og etter å ha lese denne artikkelen frå dagbladet.no er eg temmeleg sikker på at dette ikkje er ein møteplass for meg.

Eg er derimot meir usikker på kva elevane våre tenkjer...

Kva trur du?

lørdag 13. februar 2010

Utbytte av nettstader??

Eg las i Utdanning i dag (s12, nr 12/2010) at elevar har tvilsomt læringsutbytte av å bruke nettstadane forlaga har til lærebøkene sine, og at kvaliteten på nettstadane er varierande.

Anne Kristine Solberg Runestad frå HVE har skrive ei masteroppgåve der ho konkluderer med påstanden over, samt at personane bak nettstadane har mangelfull kompetanse. Anten har dei kompetanse på nettløysingar, og ikkje barn si læring, eller så er det omvendt.

Det vert ikkje referert mykje frå masteroppgåva, men den slår og fast at mykje av interaktiviteten er prega av leik og spel med kunnskapen eleven alt har.

Min første reaksjon var at dette er vel ikkje noko å skrive om, det er vel akkurat det vi har tenkt og sett heile tida? Men no er det altså ei masteroppgåve som slår dette fast, og det er eigentleg greit å få stadfesta det ein sjølv har erfart;-)

Personleg har eg brukt læreverka sine nettstader lite, fordi eg synes dei gir lite. Variasjon i undervisninga er bra, men ikkje øvingar på data berre fordi det er moderne.

Eg har lyst å gje nokre døme på øvingar for å illustrere. Døma er henta frå nettstaden til læreverket vårt, Signatur. Litt urettferdig å ta nokre døme ut frå ein samanheng kanskje, men eg gjer det likevel.

Frå signatur 1, om noveller

http://signatur.samlaget.no/utfylloppgave.cfm?id=51-156-2&oppgaveid=166&mpid=846


... og signatur 2, om å skrive gode tekstar, sakprosaanalyse.

http://signatur.samlaget.no/faktakobling.cfm?id=78-315-2&faktaid=720&mpid=1748&vid=14


Kva meiner du? Kva lærer elevane her?

Så får dei neste vekene syne då, om eg klarer å finne noko som er bra??? Kan røpe så mykje alt no at det har eg alt gjort;-)


Jill

onsdag 10. februar 2010

Blogg, eit medium for meg?

Hei!
Som student på "Ikt for lærarar" er tida no kommen for å prøve bloggverktøyet. Eg har tidlegare berre erfaring med blogg som passiv og anonym lesar. No skal eg sjølv skrive innlegg i eigen blogg, og kommentere andre sine innlegg. Det er spennande, men og skummelt. Tankane mine vert varige når eg publiserer slik tenkjer eg. Det eg tenkjer idag er kanskje gløymt i morgon;-)

Dei fyrste innlegga vil verte prega av at eg er i startfasen og vil prøve meg fram med ulike funksjonar. Med tida vert bloggen kanskje ein stad med velformulerte tankar og kloke ord? Det er viktig med store visjonar, er det ikkje;-) Tja, vi får no sjå ;-)

Jill

Vi har jo forresten jobba litt tidlegare på studiet og, dette er 1.arbeidskravet på denne modulen.