mandag 12. april 2010

Erfaringar med blogg i undervisninga

Hei igjen ;-)

Når vi no i siste arbeidskravet planlegg eit undervisningsopplegg med sosiale medium i undervisninga, har eg av fleire årsaker valt å ta utgangspunkt i det opplegget eg planla og gjennomførde før påske. Alt i alt var det ei positiv oppleving å bruke blogg i undervisninga, men opplegget er ikkje betre enn at det kan/bør endrast før ein tek det i bruk igjen.

Eg ynskjer å dele nokre av erfaringane mine med dåke, og samstundes høyre om det er nokon som har kommentarar, innvendingar, spørsmål eller forslag til forbetringar på opplegget mitt. Sjå tidlegare innlegg "Blogg som del av norskundervisninga"

Fyrste timen i fyrste klassen opplevde eg at elevane brukte størsteparten av tida på å opprette profilar, med kallenamn, bilete og chatkontakter. Eg hadde på førehand sagt til elevane mine at eg ynskte at dei publiserte med føre- eller etternamn,men at det ikkje var noko krav så lenge eg visste kven som var kven. Elevane hadde mykje moro med å finne namn og bilete som ikkje var reelle, og eg synes det tok for mykje tid og fokus. Eg stramma derfor inn kravet om publiseringsnamn til klassa etter.

Meiner du ein kan kreve at elevar publiserer med føre- eller etternamn på ein skuleblogg? Kjenner du regelverket her?

Elles opplevde eg ein positiv effekt på den måten at elevane las innlegga til medelevane og var svært ivrige i å skrive kommentarar på andre sine innlegg. Elevane synes og det var kjekt å få respons på innlegga sine frå medelevar. Lettast var det nok å kommentere på debattinnlegga og innlegga der dei skreiv om noko dei hadde sett/lese/erfart gjennom sin bruk av media siste tida.

Eg tenkjer eg burde utbytta denne delen av arbeidet betre, anten i form av vurdering av elevkommentarar eller type innlegg elevane skreiv. Under munnlege tekstar i læreplanen i norsk står det at elevane skal gi og få respons. Kan blogg gå inn under dette? Har du nokon tips til innlegg/tekstar elevane kan skrive der det er naturleg at medelevar gir respons?

Eg ser føre meg at det er lettast i korte innlegg, men har byrja tenkje på om dette kan vere ein metode i prosessorientert skriving der elevane kan nytte blogg for å få hjelp til å finne moment i td drøftingsoppgåver. Trur du det kunne fungert? Eg tenkjer då ikkje at elevane skal srive heile oppgåva som blogginnlegg, men meir presentere oppgåva og stikkord/ moment vedkommande ser på som aktuelle, og så bruke bloggen som hjelpemiddel til å finne fleire moment/ nyanseringar.

For nokre elevar kan det vere vanskeleg å publisere tekstane sine slik at alle kan lese dei. Eg opplevde at fleire elevar ville at eg skulle lese gjennom og gje tilbakemelding før innlegg vart publisert. Det opplevde eg som positivt og noko som gav auka læring hos dei elevane. Andre elevar brydde seg ikkje i det heile om td rettskriving, eller innhald i tekstane sine, og nokre elevar valte å sende innlegga til meg på epost, og ikkje publisere på bloggen. Andre elevar kom seint i gong og brukte tida si dårleg. Kor mykje skal ein styre desse i forhold til tidsbruk?

Har du erfaring med/ tips til arbeid med samansette tekstar der elevane ikkje så tydeleg synleggjer eige skrivedugleikar for alle, men der det samstundes er kjekt for medelevane å sjå resultatet? Eg tenkjer at arbeid med skjønnlitterære tekstar og programmet GoAnimate kanskje kan vere eit tema som passar å publisere i ein blogg.

Dette er nokre av erfaringane og spørsmåla eg sit att med etter arbeidet med blogg i undervisninga. Veldig kjekt om du gir tilbakemelding før eg no går i gong med å drøfte undervisningsopplegget.

Kanskje du og har tips til teori eg burde ha lest?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar